Thiddur

Thiddur 2: Den andre av tre planetar rundt ei raud stjerne. Thiddur 2 er ein kald planet mykje fjell og ein del skog eitt stort hav, det som er av liv er dødt, nokre få gruveutpostar, mykje forureiningar fyller lufta, pustemaske er tilrådd, framleis ikkje under imperiekontroll.

Planeten har ingen samlande styre, men er delt mellom fire ulike bedrifter som driv gruvedrift på planeten. To av dei har veldig lange røtter, og var knytt til konføderasjonen under klonekrigen, og før det republikken. Dei to andre har oppretta base her etter krigen, og er truleg knytt til større korporasjonar eller kartell.

Dei opererar alle med Imperiets velsigning, og imperiet har eit stort behov for malm og mineraler til si veksande flåte. Dei frykter alle saman å hamne under imperiets kontroll, noko som vil skape store problem.

Under klonekrigen var planeten ein viktig kjelde for råmaterial for konføderasjonen, men i utkanten av sjølve krigen. Likevel valte republikken å gå til åtak på separatiststyrkane som var utplassert her. Slaget varte lenge og krevde store tap på alle sider, men til slutt måtte republikken gje opp. Heldigvis var krigen over kort tid etter.

Nymos gruvedrift er ei av dei eldre bedriftene på planeten. Dei forsynte konføderasjonen med malm, og hadde på sitt største heile 6 installasjonar over heile planeten. No har dei to, med den største attmed kysten.

Galactic Supplies er den andre av dei eldre bedriftene. Mykje mindre enn Nymos og vart råka hardt av at konføderasjonen fall. Dei hadde fleire installasjonar spreidd rundt langs ytterranden av galaksen, men no er det berre ein og annan installasjon på eit fåtall planetar. Dei er spesielt utsatt for imperiet. Deira gruve på Thiddur er ikkje den største, men heller ikkje den minste.

Solaris gruvedrift er truleg eigd av huttane. Dei kom sterkt inn etter klonekrigen og kjøpte opp fleire plattformar, og starta storstilt. Kor mykje og kva dei tener er uvisst. Og det går rykter om at det eigentleg foregår andre ting her. Dei nyttar seg først og framst av slavearbeidarar.

Kren malm og edelstein er ein liten, men omfattande korporasjon. Dei har tre mindre operasjonar på gong på Thiddur, men hovudvekt på det lille beltet av edelsteiner nær kontinentets sørpol. Dei har kjøpt opp store mengder robotar til å gjere jobben sin i dei farlege områda i sør der mykje av forureininga har samla seg.

Nyleg har vise admiral Rae Sloane synt interesse for planeten, og dei løyndomane som kan skjule seg her.

Thiddur

Star Wars: Planet Caravan MadMullah MadMullah